Tenester

Me i Fletre Bygg utfører alle oppdrag innan tømrar-tenester. Vårt houvedfelt er oppføring av nybygg og rehabilitering av bustader og hytter.

Nybygg

Me fører opp nøkkelferdig bustad. Du får drømmebustaden til avtalt pris. Ved oppføring av eit nybygg slepp du å tenkje på noko som helst, me utfører jobben frå A-Å. Du vet sjølv korleis din drømmebustad skal sjå ut – du vel design, arkitektur og funksjonalitet.

Hytter

Me fører opp hytter i forskjellige stilar, etter ditt ynskje. Mange bærer på ein hyttedraum, og me realiserer den drømmen for deg – det treng ikkje å koste all verden. Me bygger hytta di i den stilen og storleiken som passar deg.

Rehabilitering

Me utfører rehabilitering av din bustad. Rehabilitering inneberer som regel skifte av gamle vindauge, dørar, golv og kledning. Me foretar ein uforpliktande synfaring, og fastslår kva for delar som eventuelt må skiftast ut.

Ombygging

Er du misnøgd med romfordelinga eller planløysningen i ditt hus? Me hjelper deg gjerne med ombygging. Me tilbyr ombygging til avtalt tid, og kan garantere for god kvalitet. Kontakt oss gjerne dersom du ynskjer forslag til ombygging.

Garasje og carport

Me fører opp garasje og carport etter ditt ynskje. Det finst mange moglegheiter – du kan få enkel, dobbel, med og uten boder, loft eller hems, garasje med carport. Med andre ord tilpasset etter ditt ynskje.

Terrasse og balkongar

Me bygger terrassar, balkongar, verandaer og altanar. Me fjernar den gamle eller bygger på eksisterande. Me skreddarsyr etter ditt ynskje!

Fletre Bygg AS

Om oss

Me er godkjent meisterbedrift med 30 års erfaring frå tømrarbransjen.

Kontakt oss

Ta kontakt med oss for ein hyggeleg og uforpliktande byggeprat.

Fletre Bygg AS

Kontakt oss

Telefon: 909 56 599
E-post: fletr@online.no


Adresse:
Kytesvegen 472, 5700 Voss